Skip to content
Steinsland & CoSteinsland & Co
Steinsland & Co
Kyllingprodusent
  • Om oss
  • Aktuelt
  • Produksjon
    • Rugeri
    • Oppdrett
  • Kvalitet
  • Lønnsomhet
  • Trygghet
  • Kontakt
 
  • Om oss
  • Aktuelt
  • Produksjon
    • Rugeri
    • Oppdrett
  • Kvalitet
  • Lønnsomhet
  • Trygghet
  • Kontakt

Balanserer jobb og fritid

Familien Slethei har investert og auka produksjonen i fleire omgangar. Men garden vert aldri viktigare enn fritid og lag med gode vener.

Det er ein av svært få dagar med steikande sol. Arne Slethei byr på kaffi på terrassen. Ikkje lenge etter står far, Jan Erling Slethei, i døra. Jan Erling var nitten år då han mista faren. Han hjelpte mor si nokre år, før han og kona Ingvild overtok i 1971. På garden var det 12-15 kyr og seks-sju sugger. Jord hadde dei meir enn nok av, og produksjonen omfatta 10-15 dekar med gulrot.

– På syttitalet begynte bøndene å spesialisera seg. Me slutta med gris og satsa meir på mjølk, men investerte ikkje slik det blir gjort i dag. Me var oppdratt til ikkje å setja oss i gjeld, forklarer Jan Erling.

Smitta av kompisane

Etter mest tre tiår som bonde, begynte Jan Erling å bli litt lei. Bonden hadde teke arbeid som murar utanom garden, og var klar til å gi frå seg drifta. Men då tema først kom på banen, var det Arne som tok initiativet.

– Eg var 26. Anne Gunn og meg hadde bygd hus på garden. Mange av kompisane mine hadde, eller var i ferd med å overta heimegardane, seier Arne. Odelsguten blei inspirert av kameratane og tok turen heim til far og mor for å lufte spørsmålet om overtaking.

– Prosessen gjekk så fort at ingen fekk tid til å trega, fleiper Jan Erling, som då var 52 år og freista nokre år som lønsmottakar med regulert ferie og fritid.

Lyden av maskinar

Ein bil bremsar opp i gardsrommet. Eldstesonen Jan Einar er heime. Han har nett teke til i lære som anleggsmaskinmekanikar på verkstaden til Avinor.

– Eg har alltid likt å skru, seier nittenåringen, og slår seg ned på terrassen. Han er glad i maskinar, og trivst i gravemaskinen og i hjullastaren.

 

Les hele artikkelen her

Post navigation


Søk
Siste nyheter
  • På Bryne høster de mirakler 03/04/2020
  • Vil kontrollere nyetableringer med differensiert omsetningsavgift 29/01/2020
  • Politikarprogram på Gladmat: Fjørfenæringa godt representert 22/01/2020
Arkiv
  • april 2020
  • januar 2020
  • mars 2019
  • desember 2018
  • november 2018
  • september 2018
  • august 2018
  • juli 2018
  • januar 2018
  • september 2017
  • april 2017
  • mars 2017
  • februar 2017
  • desember 2016
  • november 2016
  • mars 2016
  • november 2014
  • september 2014
  • august 2014
  • juni 2014
  • april 2014
  • februar 2014
  • januar 2014
  • september 2013
  • juli 2013
  • mai 2013
  • oktober 2012
  • september 2012
  • februar 2012
  • januar 2012
  • januar 2011
  • august 2009
  • februar 2007
Adresse
Steinsland & Co AS
Hauglandsveien 204
N-4346 BRYNE
Tlf: +47 51 77 06 77
mail@steinslandco.no

Find us on:

Facebook
Siste nytt
  • På Bryne høster de mirakler
    03/04/2020
  • Vil kontrollere nyetableringer med differensiert omsetningsavgift
    29/01/2020
  • Politikarprogram på Gladmat: Fjørfenæringa godt representert
    22/01/2020
Copyright 2020

Utviklet av Skarp