Fra venstre stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg, Eli Nessa, daglig leder Urban Sjøfront, Tone Steinsland og fylkesordfører Marianne Chesak. Foto: Torstein Tvedt Solberg. Tekst: Tone Steinsland, NFL/RFL & Marianne Olssøn, Hovelsrud Gard.
Politikarprogram på Gladmat: Fjørfenæringa godt representert
På Gladmat var det lagt opp til eit spennande politikarprogram i samarbeid med Næringsforeningen i Stavanger. Tone Steinsland, nestleiar i Norsk Fjørfelag, innleia fyrste del av programmet i lag med Marit Epletveit leiar i Rogaland Bondelag og Marianne Olssøn, medlem i Norsk Fjørfelag og eigar av Hovelsrud Gard. Dei var tildelt i underkant av 10 minutt kvar til å gje sine synspunkt på: «Kven sett premissane for matproduksjonen vår»?
Tone innleia med å understreka at ho som nestleiar i Norsk Fjørfelag, skal bera stemma til alle norske fjørfeprodusentar, uavhengig av produksjonsform og varemottakar. Ho gjekk rett på sak og var tydeleg på at norsk matproduksjon er ei politisk næring, og at det er dei som politikarar som sett dei viktigaste premissane for norsk matproduksjon.
Dyrevelferd – eit viktig fundament
Forbruket av kvitt kjøt og egg har hatt solid vekst dei siste 10-åra. Alt tyder på at dette forbruket vil fortsetja å auka både i Noreg og globalt. Kylling og egg smakar godt, det er sunt, og fjørfe har eit lågt klimaavtrykk sett opp mot anna animalsk matproduksjon. Trass i dette, opplever næringa stort press i frå nokre grupperingar i samfunnet som ønskjer å leggja band på fjørfeproduksjonen, inkludert nokre av dei politiske partia. Ho viste til at nokon spekulerer i kor godt dyrevelferda er ivareteken, medan andre spekulerer i om fjørfe har rett plass i landbruket, sidan fjørfe et kraftfôr og ikkje gras.
Tone understreka at fjørfenæringa likt resten av landbruket forheld seg til eit strengt regelverk. Allereie i 1974 vart dyrevernlova innført i Noreg, ho meinar at denne lova er eit godt eksempel på eit framtidsretta politisk vedtak som alle bør væra stolte av. Dyrevernlova gjorde nemleg at norsk fjørfenæringa tidleg stakk i frå utlandet på fleire område. Ho sa vidare at me har, og skal ha eit stort fokus på dyrevelferd, men at det må væra styresmaktene, basert på forsking og fakta, som bestemmer kva som er god dyrevelferd. Ho åtvara at dei alle burde merke seg at me er inne på eit skummelt spor. I løpet av dei siste åra kan me visa til fleire eksempel på at det har vore aktivistgruppene og matvarekjedene som har fått bestemma kva som er «god dyrevelferd». Desse grupperingane bør sjølvsagt få ta del i debatten om kva som er god dyrevelferd, men Tone var tydeleg på dei åleine ikkje bør få ha definisjonsmakta. Ho etterlyste at politikarar kom sterkare på banen, og sa at landbruket treng tydelege landbrukspolitiske stemmer uavhengig av partitilhøyringhet.
Marknadsbalanse – ein nødvendighet
«De bør alle gå høgt på banen å jobba for å løysa utfordringane knytt til overproduksjon. Det er ugreit å produsera meir mat enn det me har behov for. Det er ikkje bærekraftig, det er ikkje bra for klima, og det er ikkje bra for omdømmet til landbruket. I tillegg tapar bøndene så det svir på dette!» sa Tone.
Ho forklarte vidare at eggnæringa lenge har etterlyst at dei må få eit nytt verktøy i verktøykassen for å klara regulera eggmarknaden. Ho viste til at næringa over lang tid har diskutert dette med fleire sentrale politikarar. Deretter fridde ho til publikum og sa at det hadde vore stas om ein samla Rogalandsbenk kunne fronta at ein jo før jo heller må få eit verktøy som gjer at me får ei marknadsbalanseringsordning som verkar skikkeleg for alle partar, både forbrukarane og bøndene. Ho understreka at Rogalandsbenken og andre landbruksengasjerte politikarar no har ein gyllen sjanse til å stilla seg bak det forslaget som arbeidsgruppa i Omsetningsrådet har fremma, nemleg todelt omsetningsavgift på egg i periodar med overproduksjon.