– Det er eksepsjonelt at me fekk Den europeiske fjørfekonferansen til Noreg, seier Tone Steinsland.
Konferansen går av stabelen i Stavanger den 23.-27. juni. Tone Steinsland har har rolla som sekretær i arrangementskomiteen, medan far hennar, Nils Steinsland, er leiar. Saman med fire andre, har dei førebudd seg i årevis.
Noreg mot Nederland
– Nederland ønskte seg også årets konferanse. Dei er store i bransjen og har arrangert konferansen før. Det norske fjørfe-miljøet er derimot lite, seier Tone Steinsland.
– Å konkurrera mot Nederland, er som at Noreg skulle konkurrera mot Brasil i fotball, seier Nils Steinsland.
Men dei bestemte seg for å gå inn i konkurransen for fullt.
– Me trakk det lengste strået til slutt, seier komitéleiaren nøgd.
Ideen kom til Nils Steinsland for ti år sidan.
– Hallvard Ween, som var direktør for Stavanger forum, lurte på om me ikkje kunne prøva å få fjørfe-konferansen til Stavanger. Fyrst tenkte eg at det ikkje var noko eg skulle styra med. Men etter at Ween og eg hadde diskutert det, fann eg ut at eg dette var noko eg ville vera med på, seier Nils.
Tone kom inn i prosessen i 2009. Søknaden vart godkjend i 2010. Etter den tid har det vore mykje dugnadsjobbing.
– Det er mykje som skal ordnast. Men det er utruleg kjekt, seier Tone.
Sju millionar
Noreg er eit dyrt land å reisa til, så arrangørane var usikre på kor mange som ville ta turen nordover. Dei budsjetterte med 800 påmelde, og er glade for at talet nærmar seg 1000. Dei har også klart å finna seg sponsorar.
– Det er aldri blitt samla inn så store sponsorinntekter til konferansen før, seier Nils.
Mellom anna har Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune bidrege med 250.000 kroner kvar.
– Me har eit budsjett på sju millionar, noko som gjer at me kan få realisert det me har lyst til, seier Nils.
Antibiotika og verpealder
Professor Birger Svihus er ansvarleg for det faglege innhaldet. Vitskapsfolk frå heile verda kjem for å formilda det siste frå forskingsfronten. Det er fleire aktuelle emne på agendaen.
– Når det gjeld eggproduksjon, prøver ein å få avla fram høner som kan verpa lenger, fortel Nils.
Innanfor slakteproduksjon er antibiotika eit heitt tema.
– Bruk av antibiotika kan føra til at bakteriane blir resistente. Her i Noreg bruker me ikkje antibiotika på generelt grunnlag, medan dei bruker mykje andre stadar, seier Nils.
På konferansen kjem det ein forskar som meiner at avlsnæringa er kjelda til antibiotikaresistente bakteriar, medan ein annan forskar vil hevda at det er legemiddelindustrien knytt til sjukehusa som har skulda.
– Når me fortel andre at me berre gjev kyllingane våre éin vaksine, trur dei nesten ikkje på oss. I Tyskland får ei høne 19 vaksinar før ho tek til å legga egg, seier Tone.
Ho meiner dette kjem av at bestandane i Noreg er mindre enn i utlandet, noko som fører til lågare smittepress. Dessutan trur ho eit gunstigare klima kan spela inn.
Frittgåande høns
Tone trekk også fram dyrevelferd som eit viktig tema.
– Norske høner har krav på meir enn dobbelt så stor plass som dei amerikanske og australske, fortel ho.
– I Vest-Europa er det mykje frittgåande høner, men slik er det ikkje i til dømes USA og Japan. I Japan har dei ingen reglar som regulerer kor stor plass hønene skal ha. Der er det produktiviteten som bestemmer, seier Nils.
Dei understrekar at diskusjonane vil vera vitskapleg funderte.
– Me har vekt på at dette ikkje skal vera eit politisk fora, seier Tone.
Samla næring
På fredagen blir det fagleg rundreise i Rogaland.
– Me skal fylla opp fem bussar og besøka fleire verksemder i området, seier Tone.
– Då me jobba med å planlegga turen, vart med medvitne om kor mykje me har å visa fram og vera stolte av her, sjølv om den norske bransjen er liten. Me er gode på produktivitet og kvalitet. Teknologien og kompetansen er på eit høgt nivå, seier Nils.
Han håper konferansen kan bidra til å trekka nye fagfolk inn i næringa.
– Det er konkurranse om å få ei beste hovuda inn i sin bransje, seier Nils.
Eksotiske Noreg
I tilegg til det faglege programmet kan arrangørane freista med kulinariske opplevingar, både i Stavanger og på meir avsidesliggande stadar.
– På onsdagen blir det bankett. I staden for å samla alle på ein stad, skal me ha såkalla blind-dining, seier Tone.
– Me skal bruka restaurantar i heile byen og dela deltakarane inn i elleve mindre grupper. Slik får me vist fram mykje av det matfylket har å by på, seier Nils.
Om vêret tillet det, vil det bli sankthansfeiring med bål på Vassøy og tur til Preikestolen.
– Me vil framstilla Noreg som eksotisk, seier Tone og viser til bileta dei bruker på nettsida si.
Den europeiske fjørfekonferansen
- Den 23.-27. juni vert Den europeiske fjørfekonferansen (EPC 2014) arrangert i Stavanger. Så langt har konferansen nærare 1000 påmelde frå 70 nasjonar.
- Dette er fyrste gong konferansen vert arrangert i Noreg. Konferansen vert arrangert kvart fjerde år.
- Under konferansen kan dei påmelde velja mellom 298 faglege foredrag. Det vil også bli turar og matopplevingar.
- Nils og Tone Steinsland, som til dagleg produserer verpehøner på Hognestad, er to av dei seks som arrangerer konferansen.
Hentet fra jbl.no