Jærbladet 15.01.2011
Må tru på eigne kvalitetar
Nils Steinsland: – Galskap kan vera ei drivkraft til å få ting til å skje.
– Galskap var det kanskje då vi i 2005 starta arbeidet med å få European Poultry Conference til Stavanger. At vi vann i konkurransen med Nederland, det store landet i bransjen, viser at det er mogleg viss vi vågar, viser oss fram og har tru på eigne kvalitetar, sa Nils Steinsland, dagleg leiar av Nils Steinsland & Co.
Upløgd mark
Eit 50-tals næringslivsfolk frå små og store bedrifter, frå mote til tomatprodusentar, fekk høyra korleis mange gode krefter hadde samarbeida og til sist nådd målet – kongressen i Stavanger i 2014.
Dei var samla for å høyra korleis ressursane som finst på Jæren kan utnyttast til å skapa enno meir aktivitet og trekka fleire reisande til regionen.
Kongressjef i Region Stavanger, Heidi Jeanette Nygård, la fram tal som viser at reisande brukar over 3000 pr. døgn.
– Det er masse upløgd mark på Jæren, både innan mat, forsking, overnatting og opplevingar har distriktet mykje å tilby. Gå saman fleire aktørar og tilby pakkar, med innhald, sa Nygård.
– Visst kan me
Det var ein stor «pakke» som til sist trekte European Poultry Conference til Stavanger i 2014. Nils Steinsland har vore ei av drivkreftene for å få det til. Men då han første gong vart kontakta av Hallvard Ween i NHO Rogaland i 2005, tykte Steinsland det høyrdest heilt sprøtt ut å få kongress med meir enn 1000 deltakarar til «vesle» Stavanger. Ween overbeviste han.
– Eg vart gripen av øyeblikkets galskap til å vera med på noko eg ikkje gjer til dagleg, fortalde Steinsland. Han allierte seg med professor i ernæring Birger Svihus, og så begynte snøballen å rulla.
– Stavanger-regionen har alt, var Steinsland sitt svar på kvifor kongressen burde leggast hit. Erfaring med store kongressar, kort veg ut i verda frå Sola flyplass, eit fagmiljø og ein unik natur å visa fram. Dessutan skaper det masse positiv energi å få kongressen hit. Då Nederland kom på banen, tårna mørke skyer seg opp i horisonten, Stavanger-delegasjonen måtte legga seg i selen for å konkurrera.
President og generalsekretær i organisasjonen vart inviterte til Rogaland, vist Lysefjorden, fekk smaka på lokal mat og sjå anlegget i Kviamarka. Dei vart imponert, Nederland trekte sitt kandidatur, i 2014 skal kongressen dansa i Stavanger.
– Me har topp moderne fasilitetar, eit miljø som er bra for eggproduksjon, salmonellafrie egg, dyktige produsentar, men me kan godt vera litt meir stolte av det me driv med. Det gjeld å seia som Obama: Yes we can, sa ein inspirert Nils Steinsland og fekk rungande applaus frå salen.
Hentet fra jbl.no