Me har ete 43 millionar fleire egg under pandemien

Saka er henta frå NRK.no. Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK. Tekst: Mari Rollag Evensen, Anna Sørmarken Vestly, Frida Ripland Moberg, Hilde Torgersen

 

TIME (NRK): Forbruket av egg har gått kraftig opp i koronaåret 2020. Norsk Fjørfelag jublar, og meir tid på kjøkkenet kan vere forklaringa.

– Me har bakt mykje meir. I ei vanskeleg koronatid, har me søkt etter noko å kose oss med litt ekstra, som brownies, cookies og gjærbakst, seier råvareansvarleg i Matprat, Bjørn Tore Teigen.

Me har og brukt meir tid på å koke egg til frukost, og lage omelett til lunsj.

Fredag 9. oktober er verdas eggdag. Den blir markert i 80 land over heile verda.

Tal frå daglegvarehandelen, syner at butikkane i Noreg har seld 43 millionar fleire egg i år, samanlikna med i fjor. Ei utrekning NRK har gjort, syner at det er åtte fleire egg per innbyggjar.

Meir tid på kjøkenet til kvardags

– Folk har prioritert å ha frukostegget kvar dag, og ikkje berre i helgene, seier Tone Steinsland, som er nestleiar i Norsk Fjørfelag.

På garden hennar i Rogland, har dei eit rugeri for kyllingar som veks opp til å bli verpehøns. Alle verpehøns i heile Noreg blir klekka i Time kommune, og blir sende til eggprodusentar rundt om i landet.

– Eg synest det er stas å vere med å sikre det norske folk egg, og eg synest det er stas at egg står sentralt når folk skal kose seg.

 

Les heile artikkelen: Me har ete 43 millionar fleire egg under pandemien (nrk.no)