Balanserer jobb og fritid

Familien Slethei har investert og auka produksjonen i fleire omgangar. Men garden vert aldri viktigare enn fritid og lag med gode vener.
Det er ein av svært få dagar med steikande sol. Arne Slethei byr på kaffi på terrassen. Ikkje lenge etter står far, Jan Erling Slethei, i døra. Jan Erling var nitten år då han mista faren. Han hjelpte mor si nokre år, før han og kona Ingvild overtok i 1971. På garden var det 12-15 kyr og seks-sju sugger. Jord hadde dei meir enn nok av, og produksjonen omfatta 10-15 dekar med gulrot.